Mann tatt med tjuvgods
Ein mann stal sykkel, tørrdrakt og fiskestenger. Politiet etterlyser eigarane.
Klokka 0122 natt til torsdag fekk politiet melding om ein mann i Os sentrum som freista å stjele med seg gjenstander.
– Like etterpå kom det ei ny melding om at ein mann hadde tatt seg opp på taket på Havnechefen, fortel konstituert politioverbetjent Thomas Juulseth ved Os og Austevoll lensmannsdistrikt.
Patrulja ved lensmannskontoret rykte ut og var på plassen berre minutt seinare.
– Der pågreip dei ein mann i 40-åra. I følgje loggen skal han ha stole noko drikke, truleg brus, på taket frå Hamnechefen, men vi skal bort der no i morgontimane for å få dette sjekka med eigarane.
– I tillegg hadde mannen stole ein sykkel, ei tørrdrakt og fiskestenger. Vi veit kven som eig sykkelen, men kven som er eigar av tørrdrakta og fiskestengene veit vi ikkje, så om det er nokon som saknar dette, så kan dei melda seg på lensmannskontoret, seier Juulseth.
Mannen blei satt i arresten i natt og vil bli avhøyrd i løpet av dagen.