Marie på tulipan-turné
Har kjøpt 30 bukettar tulipaner frå Lions for å spre livsglede og prisa våren.
I helga går Lions sin årvisse tulipan-aksjon til inntekt for forbyggande arbeid blant barn og unge.
– Eg tenkte vi kunne få til eit kinderegg ved at vi i kommunen støtta aksjonen ved å kjøpa 30 bukettar. Desse er eg no på veg for å dela ut, fortel ordførar Marie Bruarøy (H) på telefon frå bilen.
Vil gje livglede tilbake
Første stopp på tulipan-turneen er Livskvalitet-prosjektet på Vartun.
– Det arbeidet dei gjer rundt i bygda er med å spre livsglede for alle osingane, i tillegg til at det gir ein meiningsfylt kvardag til deltakarane, så no vil eg spre litt livsglede i form av tulipanar tilbake til dei.
– Etterpå reiser eg opp på sjukeheimen og Luranetunet for å pynta avdelingane der med blomer til helga.
– Dette er vårt lille helgebidrag og måte å prisa at våren kjem no i mai, avsluttar Bruarøy med oppfordring om å støtta Lions sitt forebyggande arbeid gjennom å kjøpa tulipaner av dei laurdag.
Lions vil ha stand i Os sentrum, på Amfi og ved fleire butikkar laurdag.