Kultur | 20. juli 2011

Marius årets JazZstipendiat

– Det blir stort å få skriva for Trondheim Jazzorkester, seier Neset om prisen, som har ein verdi på 650.000 kroner.

Marius årets JazZstipendiat
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. juli 2011 20:34

Saksofonisten Marius Neset (26) blei i dag tildelt Noregs største jazzpris. Juryen var samstemt då dei valte mellom 13 søkjarar, Marius frå Os skulle bli årets JazZtipendiat.

– Det har blitt nokre stipend opp gjennom åra, og eg har vore takksam for alle. Men dette er det største og gjevaste, seier Marius til Midtsiden, på telefon frå Moldejazz, der han skal spela førstkomande laurdag.

Marius avslutta nyleg 7 års masterutdanning/solistutdanning ved Det Rytmiske Konservatorium i København, og har fått strålande kritikk for albumet «Golden Xplosion».

Verdifullt stipend

Stipendet utgjer 250.000 kroner frå SpareBank 1 SMN pluss ei ramme på yttarlegare 400.000 kroner frå Moldejazz og Midtnorsk Jazzsenter.

Midlane er øyremerkt ein bestillingskonsert med stipendmottakaren og Trondheim Jazzorkester under den første Moldejazz i eige hus.

– Det er sjølvsagt veldig kjekt for ein nyutdanna musikar å få både så positiv merksemd og god økonomisk støtte. At eg i tillegg får skriva min musikk for Trondheim Jazzorkester, som eg ser på som kanskje verdas beste jazzorkester, er som ein draum som blir sann, seier Marius.

Juryen seier:

«Stipendiaten er en musiker og komponist som har hatt en imponerende utvikling de siste årene. Som saxofonist har han en usedvanlig teknikk og tonekvalitet kombinert med et enormt rytmisk overskudd. Han er samtidig en sensitiv og lyttende musiker, som tilpasser seg de ensemblene han medvirker i. I søknaden som JazZtipendiat har denne musikeren presentert et svært interessant prosjekt som bidrar ytterligere til å styrke mangfoldet og kvaliteten for Trondheim Jazzorkester.»

Juryen har bestått av: Njål Ølnes, Sissel Vera Pettersen, Jan Ole Otnæs, Bjørn Willadsen og Per Oskar Olsen.

Ferie i Os før travel haust

Etter oppdraget i Molde til helga skal Marius heim til Os på ferie i nokre dagar. Så ventar ein del reising.

– Eg skal på turné i Storbritannia i to veker. Så ventar nokre konsertar i blant anna Sverige, Irland og Frankrike i haust, fortel prisvinnaren, som framleis bur i København.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.