Næringsliv | 14. nov. 2018

Marknaden i Os: Oktober 2018

Stor auke i sal brukte bustadar i Os i oktober.

Marknaden i Os: Oktober 2018
Delar av Røtinga sett frå lufta, frå vest mot aust. Espen Hjertholm innfelt. (Foto: Herman Brandt)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 14. nov. 2018 10:31

«Marknaden i Os» er ei fast spalte på Midtsiden frå oktober 2017, skriven av eigedomsmeklarfullmektig Espen Hjertholm. Hjertholm presenterer offisielle salstal for førre månad, ser bak tala, og fortel samtidig om status og utval i dag, og kva som er venta av månaden som kjem.

• Førre rapport: Marknaden i Os i september

• Fersk liste: Kven har kjøpt og selt eigedom i Os i oktober?

I oktober 2018 blei det selt i alt 44 bustadar i Os. Av desse var 41 brukte og 3 nye bustadar.

Det er 6 fleire enn i september, og 19 fleire enn i oktober 2017. Det har vore ei auke i volum i oktober månad, og spesielt i marknaden for brukte bustadar.

Høgare volum, lågare salstid

I oktober blei det selt 41 brukte bustadar i Os, noko som er ei enorm auke fra førre oktober månad, som hadde 16 bruktbustadssal. Som nemnt førre månad verkar det som prisane i kommunen har flata ut, og mykje tydar på at dette har vore realitet i oktober.

Snittprisane har gått litt ned frå september månad, noko som er normalt i forhold til sesongvariasjonar.

Salstida var på 46 dagar i snitt, men berre 15 % av bustadane gjekk over antyda pris i oktober. Sjølv om 85 % ikkje blei selt over prisantydning blei bustadane selt raskt. Av desse varierer det mellom bod, bodrundar og motbod frå seljar som har lagt under eller på prisantyding.

Sal vs prisantyding dei siste tre månadane:
• 62 % under prisantyding
• 18 % lik prisantyding
• 20 % over prisantyding

Tilbodsfall mot slutten av året

Det er ikkje uvanleg at bustadstilbodet er lågare mot slutten av året. Tilbodet har vore uvanleg høgt den siste tida, og i skrivande stund ligg det 85 annonsar for sal i Os.

Det er ein nedgang frå byrjinga av førre månad, men ein oppgang frå same tid i fjor, då tilbodet låg på 70 annonsar. At tilbodet er lågare no enn i haust treng ikkje bety at bustadmarknaden går dårleg, eller at ein får vesentleg mindre betalt for bustaden sin.

I dei to siste månadane i 2017 blei nesten 30 % av bustadane selt over antyda pris, noko som var det doble av oktober i år.

Dagens utval og marknad

I skrivande stund ligg det, i Os kommune, 31 einebustadar, 21 tomannsbustadar, 37 rekkjehus og 39 leilegheiter for sal på Finn.no - i til saman 85 annonsar.

Det er 15 annonsar færre enn byrjinga av oktober, og 5 av annonsane er allereie selt. Som nemnt tidligere er tilbodet truleg synkande i perioden fram mot jul. Men etterspurnaden kan likevel halda seg oppe.

Lite tydar på priskollaps, og prisane vil truleg halda seg stabile i samband med sesongvariasjonar.

Av bustadane som i dag ligg for sal er 64 nye, og 65 brukte bustadar.

Eigedomssal og snittprisar

Samla tal for oktober 2018: 44 sal
Snittpris kr 3 116 249,-
Snittpris kvm: 29 854,-
Omsetnadshastigheit: 46 dagar

Tilsvarande tal for oktober 2017: 25 sal
Snittpris kr 3 396 900,-
Snittpris kvm: 29 442,-
Omsetnadshastigheit: 65 dagar

Samla tal for september 2018: 38 sal
Snittpris kr 3 124 690,-
Snittpris kvm: 28 679,-
Omsetnadshastigheit: 56 dagar

Antall sal har auka, prisane har gått noko ned frå september, men saltida har korta seg ned ein god del.

Statistikk frå dei siste 12, 6 og 3 månadane:

Siste 12 månadar
425 sal
Snittpris: kr 3 267 798,-
Snittpris kvm: 29 591,-
Omsetnadshastigheit: 64 d

Siste 6 månadar
228 sal
Snittpris: kr 3 255 598,-
Snittpris kvm: 29 343,-
Omsetnadshastigheit: 53 d

Siste 3 månadar
116 sal
Snittpris: kr 3 188 160,-
Snittpris kvm: 29 591,-
Omsetnadshastigheit: 51 d

Det kan sjå ut som at dei siste tre månadane har vore med på dra ned snittprisar og tempoet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.