Lokal | 21. aug. 2012

Markus sikra EM-bronsen

I helga gjekk siste og tredje EM-runde i vassjet. Den starta med tjuvstart og tryning for Markus Slettebakken, men han henta seg inn igjen og tok samanlagtbronse i EM-debuten.

Markus sikra EM-bronsen
Markus Slettebakken (t.h.) på pallen saman med trenar Ronny Mangerud (1. plass) og landslagskamerat Stian Schjetlein. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 21. aug. 2012 14:58

Etter 5. plass i Belgia og 3. plass i Portugal reiste vassjetkjørar Markus Slettebakken i helga til Austerrike for å sikra bronsemedalje samanlagt i siste av tre EM-rundar.

– Eg visste at eg hadde ein god sjanse, men eg var naturlegvis nervøs før start. Det var godt å få medaljen i hamn, seier Markus på telefon på veg frå Austerrike til nordisk meisterskap i Drammen.

Markus var så tent før start at han gjekk på ein god tjuvstart. Det gjorde at han på neste startforsøk i praksis kom sist ut av startfeltet.

– I tillegg hadde eg ei tryning i første heat, som blei eit bra heat likevel, for eg kjørte meg inn frå 19. til 5. plass.

3. og 4. plass søndag

Etter 5. plass på Donau, cirka halvannan time frå Wien, var det to nye heat søndag. Der blei det 3. plass og 4. plass og samanlagt-bronsen var sikra i det som har vore Markus sitt første EM.

– No er det nordisk, der det kjem fleire gode deltakarar som vi ikkje møter i EM, så konkurransen blir nok like hard. Målet er bronse der òg.

Norsk dominans

Ronny Mangerud og Stian Schetlein, også dei frå Noreg, tok gull og sølv i EM. I tillegg tok juniorkjørar Sondre Liseth frå Hjellestad Jetskiklubb gull.

– Dei lurer på kva vi held på med her i Noreg, sidan vi dominerer i EM. Dei lurer også på om vi kjører i innandørsbasseng sidan vi bur i kalde nord, ler pappa Tor Slettebakken etter at han og resten av familien var med til Wien og såg Markus ta bronse.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.