Martin speler mot Os
Vålerenga 2 stiller med Martin Andresen og seks A-spelarar mot Os i ettermiddag.
Måndag klokka 17.30 startar Os sin heimekamp mot Våleranga 2. I dag blei det stadfesta at andrelaget til Vålerenga stiller med både Martin Andresen og seks A-spelarar.
- Vi synes berre det er kjekt, og eg trur vinnarsjansane våre aukar med talet A-lagssspelarar dei tar med seg, seier Os-trenar Frank Hellevik.
Les òg:
Vålerenga til Os igjen
- For det første aukar tenningsnivået hos våre eigne, for det andre trur eg ikkje A-lagsspelarane synes ein tur til Vestlandet med andrelaget er beste måten å bruka ein måndag på.
Vålerenga 2 jaktar på sin første siger i år, og stiller med følgjande tropp mot Os i dag:
Kristian Krohn-Holm, Gard Aarvik, Nicolai Næss, Andreas Lund, Blerim Redzepi, Mathias Holmen, Christoffer Bergersen, Soliman Aoudia, Juan Fuenmayor, Kristian Brix, Martin Andresen, Dawda Leigh, Haavard Nielsen, Mostafa Abdellaoue, Adnan Haidar, Lars Iver Strand.
Os har eitt poeng etter dei to første rundane i den til no jamne avdelinga, og startar i dag med følgjande lag (4-3-3): Halvard Enes, Baste Jonassen, Endre Brenne, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Stian Lunde, Tore Valvik, Preben Borgen, Daniel Kalstad, Tim Henrik Sperrevik og Torkel Hjertnes.