Politi | 21. okt. 2021

UP henta inn over 50.000 kroner i bøter i Lepsøykrysset

UP sjekka trafikken forbi stoppskilt, lokalt politi stoppa bilførar som er mistenkt for rus.

Krysset mellom Halhjemsvegen og Lepsøyvegen er ulykkesutsett. Å ikkje stoppa før du køyrer ut kostar dyrt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 21. okt. 2021 07:26

I 22-tida onsdag kveld hadde utrykningspolitiet trafikkontroll ved stoppskiltet i krysset mellom E39 Halhjemsvegen og Lepsøyvegen.

– Det blei skrive ut 7 forenkla forelegg til trafikantar som ikkje stoppa ved skiltet, fortel politioverbetjent Christine Grindstein.

Ifølgje lovdata.no er kvart forelegg på 7.250 kroner, altså 50.750 kroner totalt på 7 bilførarar i går.

Lepsøykrysset er blant dei mest ulykkesutsette områda i Os. Det kjem fram av Statens vegvesen sitt datagrunnlag, som nyleg var brukt til å forma framlegg til ny trafikksikringsplan for Bjørnafjorden kommune.

Ulykker siste ti år. Kart/data: Statens vegvesen

Mistenkt for køyring i rus

Mannskap frå Bjørnafjorden politistasjon hadde i 21.30-tida i går fartskontroll i 50-sona på Ulvenvegen ved Spar-butikken i Kloppamyra.

– Det blei skrive ut eitt forenkla forelegg. Vedkomand køyrde i 64 km/t, fortel Grindstein.

Det gir 4.050 kroner å betala og to prikkar på førarkortet (fire om du er i prøvetida).

I 17-tida stoppa politiet ein bil der førar er mistenkt for køyring i rus.

– Det blei tatt beslag i førarkortet. Bilførar, ein mann i 30-åra, erkjente ikkje straffeskyld og samtykka ikkje i beslag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.