Politi | 07. sep. 2023

MC-førar stakk til skogs

15-åring mistenkt for å ha sete bak styret.

MC-førar stakk til skogs
Politiet hadde i går kontroll på Søfteland. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 07. sep. 2023 07:43

Onsdag kveld hadde politiet trafikkontroll på Søfteland.

I 20.50-tida kom ein motorsykkel køyrande, men den stakk til skogs.

– Ein 15 år gamal gut er mistenkt for å ha køyrd motorsykkelen, opplyser Anne Lyssand i rapporten frå gårsdagen.

Oppdatert (Midtsiden har fått detaljar om korleis guten blei innhenta):

– MC-en stakk opp Langedalen. Der sklei motorsykkelen, og førar løpte frå staden, fortel Lyssand.

– Patruljen såg ikkje kven som køyrde den, men møtte 15-åringen gåande i området etterpå. Det står ikkje notert kven eigar av MC er. Saka skal no etterforskast.

Tidlegare på dagen, klokka 11.50, fekk politiet melding om ein bil som hadde blitt påkøyrd mens den sto parkert.

– Ein mann i 80-åra tok seinare kontakt med bileigar, og sa han ville ordna opp. Den påkøyrde bilen hadde fått skadar i sida.

(Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Les ògOljelekkasje på Hatvikvegen

Klokka 19.22 i går fekk politiet melding om havarert hjullastar på Hatvikvegen.

Vi oppdaterte i saka over.

Det var dirigering på staden fram til tungbil-bergar var på plass, aksjonen var først overstått rett før klokka 22.30.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.