Lokal | 16. juli 2020

MC-ulykke i Os sentrum

Seint i går kveld fall ein MC-passasjer av ein MC i Os sentrum.

MC-ulykke i Os sentrum
Politiet rykte ut på MC-ulykke i Os sentrum i går kveld. (Foto: KVB)
Ørjan Håland
Ørjan Hålandtorsdag 16. juli 2020 07:01

I 23-tida i går kveld fall ein MC-passasjer av ein MC i Os sentrum. Både førar og passasjer er i alderen mellom 15 og 18år.

– Vi rykka sjølvsagt ut på dette og tok avhøyr av både førar og vitnar på staden. Personen som fall av vart sjekka på Os legevakt og det er uvisst kva skadeomfanget er, men det skal ikkje vera noko kritisk, fortel politibetjent Martin Nordeide.

– Det skal ikkje vera snakk om noko høg fart og ingen andre kjøretøy skal ha vore involvert. Vi opprettar sak på denne hendinga i løpet av dagen og føraren sitt førarkort er førebels tatt i beslag, avsluttar Nordeide.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.