Politi | 18. juni 2025

MC-velt i Ulvenvegen – førarkortbeslag i 100-sona

UP fann to ting å reagera på i Lyshorntunnelen. På ettermiddagen fekk politiet melding om eit uhell.

MC-velt i Ulvenvegen – førarkortbeslag i 100-sona
Ung førar hadde smerter i eit kne etter å ha velta i denne rundkøyringa. Staden har vore eit klageområde sidan rundkøyringa var ny. Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 18. juni 2025 08:05

Tysdag morgon hadde utrykningspolitiet kontroll i Lyshorntunnelen.

– Ein bilist i 20-åra fekk tre prikkar grunna høg fart. Han hadde ein del prikkar frå før, så det blei førarkortbeslag i går, opplyser politioverbetjent Atle Birkeland.

Ein annan førar som blei kontrollert av UP mangla førarkort.

– Vedkomande, ein mann i 50-åra, blir naturlegvis meldt for dette.

Tysdag litt før klokka 16.30 fekkpolitiet melding om eit trafikkuhell i Ulvenvegen.

– Ein lett MC hadde sklidd og velta i ei rundkøyring.

Tysdag kveld sto det ein lett MC parkert ved rundkøyringa som tidlegare har vore eit problemområde òg for bilistar.

– Førar er ung. Vedkomande hadde halde låg fart, men sklidd likevel. Sett vekk frå eit vondt kne så har førar ingen skade.

Det blei ikkje oppretta sak frå politiet si side.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.