Lokal | 13. des. 2011

Med besto på fest

Video: Elevane på Lysekloster skule inviterte tysdag til Lucia- og besteforeldrefest.

Andris Hamretirsdag 13. des. 2011 14:10

Med Luciadagen på ein tysdag blei det ei fin anledning for elevane ved Lysekloster skule å slå saman Luciafeiringa med den tradisjonelle besteforeldrefesten.

- Besteforeldrefesten har vi alltid på ein tysdag. At den no fell saman med Luciafeiringa gjev det berre ein ekstra spiss, fortel rektor Ole Lars Strønen.

For 20. gangen

Tradisjonen med å invitera til fest for besteforeldra er ein lang tradisjon for elevane ved skulen.

- Eg er ikkje sikker på kva nummer i rekkja vi har kome til, men vi har nok halde på i omlag 20 år. Onsdag og Torsdag blir det foreldra sin tur til å få sjå delar av den nesten halvannan time lange framsyninga.

- Onsdag er det foreldra for 5.-7. klasse sin tur medan 1.-4. klasseforeldra kjem på torsdag, fortel Strønen.

Høgtidsdag

Den årvisse framsyninga gler skulen og elevane seg til like mykje kvart år.

- Dette er ein høgtidsdag for oss, smilar rektor

- Det er kjekt å sjå den tryggleiken ungane får gjennom øvingane før dei skal på scena. For nokre er det den meist naturlege ting i verda, medan andre utfordrar seg sjølv litt meir.

Kombinerar fag

I gymsalen på skulen var det dekka til med kvite dukar og langbord.

- Det er 6. klassingane som er vertsskap.

- Som ein del av heimkunnskapen har dei ansvaret for servering, kaffikoking og baking av godsakene som serverast, avsluttar Strønen.

Sjå klipp frå alle klassetrinna sine underhaldningsinnslag i videoen nedanfor (6.17, Foto: Andris Hamre)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.