Sport | 21. mars 2022

Med fleire bestenoteringar i LÅMØ

No ventar Bergen Swim Festival og treningsleir i Danmark på ungdomane frå Os Svømmeklubb.

Med fleire bestenoteringar i LÅMØ
F.v.: Alexander, Noah og Emil har hatt ei god helg i LÅMØ.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 21. mars 2022 10:17

Os Svømmeklubb stilte med tre deltakarar i årets LÅMØ.

Tidlegare lagkamerat, Jakob Austevoll Harlem frå Bergen SC, stakk av med samanlagtsigeren for 2008-årgangen.

Dei tre frå Os, Alexander Norbeck, Emil Valen Nordgård og Noah Håkonsund Milazzo, fekk også ei god helg.

– Dei sette nye personlege rekordar på nesten alle distansar, fortel styremedlem Jan Norbeck.

Den eldste av dei tre, Noah Håkonsund Milazzo, klarte 14. og 15. plass på dei to siste distansane, i konkurranse mot dei 24 beste på Vestlandet.

Morten Hamre var med som trenar, Christine Håkonsund som støttemannskap.

Emil, Noah og Alexander.
Emil, Noah og Alexander.

Neste steg for to av svømmarane er Bergen Swim Festival første helga i april.

Emil er kvalifisert til 50 meter bryst og Noah på 200 meter bryst, 200 IM, 100 fly og 200 rygg.

– Seinare i april reiser den same gjengen på påskeleir i Hjørring med svømmeklubbane Delfana og Vågsbygd.

LÅMØ-resultata til dei tre

Samanlag for deltakarane frå Os Svømmeklubb:

Noah Håkonsund Milazzo: 17. plass
Emil Valen Nordgård: 19. plass
Alexander Norbeck: 21. plass

Resultat per distanse:

Alexander Norbeck (fødd 2008) ligg på 20. plass av 24 deltakarar etter dei første tre øvingane.

Plassering og tid per distanse:
21. 400m fri 5.35,82
21. 100m butterfly 1.38,92
21. 200 m bryst 3.38,98
17. 200m rygg 2.54,10
23. 200m i.medley 3.10,19

Emil Valen Nordgård (fødd 2007)

Plassering og tid per distanse:
24. 400m fri 5.18,34
20. 100m butterfly 1.19,77
19. 200m bryst 3.02,86
21. 200m rygg 2.50,73
19. 200m i.medley 2.44,86

Noah Håkonsund Milazzo (fødd 2006) ligg på 20. plass av 24 deltakarar etter dei første tre øvingane.

Plassering og tid per distanse:
21. 400m fri 4.44,51
20. 100m butterfly 1.13,04
16. 200 m bryst 2.48,56
14. 200m rygg 2.26,57
15. i.medley 2.27,20

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.