Kultur | 12. jan. 2011

Med Gina på TV2

På God morgen Norge torsdag: ORBO & The Longshots har spelt inn låt med Gina Aspenes.

Med Gina på TV2
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 12. jan. 2011 10:49

I to månadar, frå august til oktober, var ORBO & The Longshots i USA på turné og plateinnspeling. 20 konsertar blei spelt og 20 låter blei spelt inn til det som skal bli album ORBOs sjette album, om vi tar med LIVE-albumet som kom ut i fjor.

Med på ei av låtene er osingen Gina Aspenes.

- Vi har kjent Gina lenge, møtt ho på jam og vore på nokre konsertar saman, blant anna artistdugnaden for Haiti for om lag eit år sidan.

- På nachspiel tar det heilt av når Ine (Tumyr frå ORBO & The Longshots, red. anm) og Gina syng saman, så vi har lenge snakka om å ha med Gina på noko, seier Ole Reinert Berg-Olsen.

På TV2 torsdag
Torsdag morgon skal ORBO & The Longshots synga to låter på God morgen Norge på TV2.

- Låtene er frå den komande EP-en vår, og Gina er med på den eine, «Diva Queen».

- Noregs diva nr 1
ORBO & The Longshots har jobba med fleire store musikalske namn på bandets turar i USA, men den beste divaen har han funne i heimbygda.

- Vi prøvde med ei songarinne i USA også på denne låta, men ho høyrdes for gamal ut. Men vi hadde heile tida Gina i tankane og fekk heldigvis til å løysa det praktiske med å få ho med.

- Gina er ein utruleg god vokalist. Ho har ei fin, sterk og stødig stemme, ho er veldig musikalsk og veldig smart. Gina er det nærmaste vi kjem ei diva i Noreg, eg er overraska over at ho ikkje er blant landets mest kjente songarar, seier ORBO.

California - Lekven - Nashville
Medan låta blei spelt inn i California var det i Os vokalen blei tatt opp.

- Eg var til tannlegen då eg kontakta Gina, som bur rett ved tannlegesenteret Tanngarden. Ho stilte på strak arm så vi kjørte ut til Ine sitt studio heime på Lekven for å spela inn.

- Eit par timar seinare var det i boks. Gina brukte berre eit par take før det var perfekt, på ei låt ho høyrte for første gong.

Dagen etter tok ORBO med seg opptaket tilbake til USA og Nashville, der stemma til Gina blei lagt på låta «Diva Queen».

Big backing
Med på låta har ORBO også dei to amerikanske gospelsongarane Angela Primm og Gale Mayes på backingvokal.

- I tillegg har vi med Oslos mest velblåste herrer, The Longshot Longhorns, som består av Bendik Brænne, Hans Friis og Eivind Solheim. Vi har krigstrommene til Stian, 70-talls discobass med Rolling Stones-feeling frå Paul og eit Rhodes-piano frå Reidar som skrik som Stevie Wonder gjennom ein gamal gitarforsterkar skrudd til 11. Ine har heile fire tamburinar i sving

- Eg gler meg ikkje så mykje til å bera utstyret inn i TV2-studio klokka 4 torsdag morgon, men eg gler meg både til å spela og til å få ut EP-en, som ikkje er så mange veker unna.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.