Lokal | 27. apr. 2017

UP med kontroll på Halhjemsvegen

To fartssyndarar blei tatt på Halhjemsvegen onsdag ettermiddag.

UP med kontroll på Halhjemsvegen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 27. apr. 2017 07:09

Onsdag i 18-19-tida hadde utrykningspolitiet fartskontroll på E39 Halhjemsvegen.

Dei målte farten på trafikken retning Halhjem, og stoppa tre bilistar.

– Éin av dei blei stoppa for ulovleg bruk av mobiltelefon, dei to andre for fart, fortel politiførstebetjent Rune Fimreite.

Høgaste fart var 19 km/t over fartsgrensa, som er 70 km/t på staden.

Det resulterte i både forelegg på 4600 kroner og to prikkar på førarkortet.

Grensa for å mista førarkortet, når fartsgrensa er 70 km/t eller høgare, er 36 km/t over fartsgrensa.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.