Kultur | 06. des. 2012

Med musikk og kunst

Fredag opnar lydteknikar Eilif Stene og musikar Ina Tumyr utstilling i Hvelvet med tonefølgje frå Sigvart Dagsland og Karoline Krüger.

Med musikk og kunst
Ine Tumyr har med seg Eilif Stene når ho inviterar til utstilling i Hvelvet på Oseana (foto: Eilif Stene/Ine Tumyr/Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 06. des. 2012 12:11

Det er klart for ny utstilling i Hvelvet. Denne gongen er det to kunstnarar som held felles utstilling. Eilif Stene og Ine Tumyr stiller ut henholdsvis fotografi og skulpturar.

Eilif Stene jobbar til dagleg som prosjektleiar i AVAB-CAC Bergen AS, men starta allereie å fotografere med speilreflekskamera i 1974.

Ambisjonen var då klar, han skulle bli pressefotograf.

Etter kvart som åra gjekk enda han likevel opp som lydteknikar, med fotograferinga som ein parallell hobby og aktivitet. Han har tidlegare hatt fleire separatutstillingar av fotografia sine.

I aluminium og keramikk

Ine Tumyr lagar skulpturar i aluminium og keramikk. Ine hentar stor inspirasjon frå havet, noko som resulterar i skulpturar av sjøhestar, skjel og fiskar.

Det er ikkje første gong Ine er representert på utstilling i Oseana. Under opninga av kulturhuset stilte ho med selskulpturen Seline, i tillegg til å vera med i opningsframsyninga saman med bandkollegaene i Orbo & The Longshots.

Til å tonesettje opninga har dei to kunstnarane fått med seg Sigvart Dagsland og Karoline Krüger som seinare på kvelden held konsert i Oseanasalen. Utstillinga vil stå fram til 12. januar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.