Lokal | 31. juli 2009

Med narkotika i bil

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 31. juli 2009 08:28

Onsdag hadde politiet trafikkontroll på Søfteland. 40 bilar blei kontrollerte og alle brukte bilbelte og hadde dokument i orden.

- Nokre av dei fekk muntleg pålegg etter feil bruk av, eller manglande lys, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Torsdag rigga politiet seg opp med nok ein trafikkontroll, denne gong på Hatvikvegen. Men her blei dei ikkje ståande lenge.

- Vi fekk melding om mistanke om kjøring i rusa tilstand, og rykte ut til ein mann som nyleg hadde sove i ein bil på Uno X. Bilen kjørte i retning Bergen då vi stoppa den.

I bilen fann politiet både amfetamin og GHB. Mannen, som er i slutten av 20-åra, blei tatt med til avhøyr. Politiet ransaka også bustaden hans, men utan å finna noko der. Det var ikkje nokre teikn på at han kjørte i rusa tilstand.

Fann gummibåt
På Lepsøy er det funne ein liten, grå gummibåt på rek. Båten er på rundt 8 fot og hadde ikkje motor.

- Dei som fann den har tatt vare på den. Om du saknar ein båt kan du ta kontakt med lensmannskontoret, seier Sperrevik.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.