Kultur | 12. nov. 2009

Med ny Oseana-strategi

Trond Giske forsvarar avslaget, Anniken Huitfeldt nemner ny og større pott. Søviknes har ny strategi til fullfinansiering klar.

Med ny Oseana-strategi
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 12. nov. 2009 06:26

Bildeserie:

1 av 6

Os kommune manglar 44,8 millionar kroner til fullfinansiering av Oseana, eit kunst og kultursenter til 196,1 millionar kroner. 38 av desse 44 millionane skulle koma frå staten, og etter avslag frå kultur- og kyrkjedepartementet for tredje år på rad lurer Os-ordføraren på om nyleg avtroppa kulturminister Trond Giske (Ap) har hatt politisk motiv i si handtering av saka.

SJÅ OSEANA-ILLUSTRASJONAR NEDST I ARTIKKELEN.

Årsaka er at Giske har vore positiv i samtalar om prosjektet, men både hoppa bukk over Oseana på toppen av prioriteringslista til Hordaland fylkeskommune, og delt ut 5-6 av dei rundt 7 millionane Hordaland plar få i året, i to år fram, til prosjekt lengre nede på lista. Frå neste år skal midlane delast ut på fylkesnivå, men med løfter frå departementet to år fram får Hordaland truleg berre rundt 1,5 million årleg i 2010 og 2011 som dei kan dela ut i tilskot.

I Bergens Tidende måndag avviser Giske kritikken, blant anna ved å seia at dei tre kulturhusa som har fått midlar i hans tid som kulturminister alle var Høgre-kommunar.

Kan kutta
I kommunestyremøtet 16. desember 2008 blei det fatta samrøystes vedtak om å byrja å bygga Oseana før fullfinansiering var på plass. Som backup har kommunen løyvd 30 millionar til mellomfinansiering og samstundes laga ei kuttliste på rett over 14 millionar kroner.

- På lista står element som kan utsetjast. I alt er tiltak for 21,7 millionar lista opp, og vi i byggekomiteen må fortløpande vurdera om noko skal takast ut. I så fall vil det bli fremja sak om dette til Os kommunestyre, seier Terje Søviknes til Midtsiden.no.

På lista står blant anna den lange, stupebrett-liknande "luftebalkongen" som stikk ut mot fjorden frå øvre del av bygningen. Men denne kostar berre 350.000 kroner. Solcellepanelet, som truleg blir Noregs største, kostar rundt 3,5 millionar kroner, men blir det tatt vekk ryk nok også statusen som forbildeprosjekt, og 1,4 millionar kroner i støtte frå Enova.

- Med kutt i sceneteknisk utstyr, lyd- og lysanlegg, kan vi spara ein del. På den andre sida vil det i så fall kosta meir å driva, når utstyr må leigast inn. Kulturskulen får framleis plass i Oseana, men kunstskulen som er tenkt å henga frå taket i foajeen må kanskje utsetjast.

Vurdert som post 73
Osing, Frp-politikar og fersk stortingsrepresentant Laila Reiertsen ba same dag den nye kulturministeren Anniken Huitfeldt (Ap) om kva informasjon ho kunne "koma med når det gjeld økonomiske midlar som det er søkt om til Oseana".

Kulturministeren svara med gamalt nytt, som tidlegare søknadar og avslag, men la til at Oseana blir vurdert for tilskot frå statsbudsjettets kapittel 320, post 73 Nasjonale kulturbygg.

Medan tippemidlane på landsbasis har eit budsjett på 70 millionar kroner, rundt 7 millionar samla for Hordaland, er løyvingsforslaget for post 73 frå statsbudsjettet 157,9 millionar kroner i 2010 og 698 millionar kroner i åra etter.

Huitfeldt legg til at fleire prosjekt allereie har fått tilsegn om tilskot frå denne potten dei nærmaste åra, men post 73 blir likevel ein pott Søviknes vil kjempa om.

- Todelt strategi
Terje Søviknes fortel om to parallelle innsatsområde for å få dei siste 44 millionane på plass.

1. Jobba med Hordaland fylkeskommune, for
a) å få dei til å vera med på å visa frustrasjonen over avgjerdene til Giske, og slik kanskje auka presset på departementet.
b) få fylkeskommunen til å løyva midlar, om ikkje dei to nærmaste åra, så ein sikker sum ein gong i framtida.

- Vi visste at Giske ikkje kunne gje 30 av 70 riksdekkande millionar til Os, det skreiv vi også i søknaden. Det vi treng er vedtekt på bestemte beløp med årstal på kor tid støtta kjem, seier Søviknes.

- Oseana har kvalitetar som gjer det til eit kulturbygg med nasjonal appell, og det skal vi bli endå flinkare til å visa, så vi er med i kampen om midlar frå post 73.

2. Gå ein ny runde i sponsormarknaden, men denne gong blir det ikkje litt frå mange, men ein målretta kampanje mot enkeltbedrifter, også av regional- og nasjonal storleik.

Rause personar og firma
Oseana-prosjektet starta med ei gåve av Per Grieg sr og Grieg Foundation på det som til slutt blei 50 millionar kroner, men seinare har fleire privatpersonar og bedrifter gravd djupt i lomma for å støtta.

Ein enkeltperson kom først med 10 millionar kroner, så starta OKK-kampanjen sommaren 2008, der folk og firma kunne kjøpa stolsete eller "folkeaksje".

"Kulturvenner av Os" som består av bedrifter og privatpersonar, kom med alt frå 500.000 til 1,4 millionar, til saman 4,7 millionar kroner.

Men også andre har gjeve større beløp:
1 bedrift og 2 privatpersonar har gjeve kvar sine 250.000 kroner.
1 bedrift har gjeve 200.000 kroner
1 bedrift og 1 privatperson har gjeve 100.000 kroner
I tillegg har bedrifter kome med både 40, 50, og 60.000 kroner i støtte.

Finansieringsplan
Slik skal Oseana til 196,1 millionar kroner finansierast (pengar som har kome inn per 20.10.2009)

Private (Grieg, OKK-kampanjen, andre) 71,8 mill (66,9)
Os kommune (Prosjektering, Tide-aksjar, sal av Fjellheim): 37,4 mill (37,4, om Fjellheim blir selt)
Hordaland fylkeskommune (støtte til regionale utv. prosjekt): 10 mill (4,5, men signal om yttarlegare 5,5)
Staten (Tippemidlar + Enova): 39,5 mill (1,4, frå Enova, 0 av 38 frå Kulturdep.)

Netto finansiering 158,7 (110,2)
MVA-refusjon: 37,4
Brutto 196,1 millionar kroner (147,6 millionar kroner)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.