Lokal | 06. apr. 2010

Med tenestane i fokus

Os kommune lanserte ny heimeside i dag. Effektivitet og betre kontakt med brukarane er målet.

Med tenestane i fokus
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 06. apr. 2010 20:51

Prosjektet «ny portal» er delprosjekt av Os i Tio, hovudprosjektet som skal førebu Os på framtida, vekst i folketalet og meir effektiv tenesteformidling. I 12-tida i dag lanserte Os kommune ny heimeside.

- Den største forskjellen er tenestefokuset, dei nye sidene skal i større grad gjera det enkelt for brukarane å finna fram, seier Simen Soltvedt frå avdeling for fellesteneste i Os kommune.

Ny side - ny adresse
Med dagens lansering endra også webadressa frå os.hordaland.no til oskommune.no. Tar du ein dott for mykje, punktum mellom os og kommune, hamnar du på fellessida for Os i Hordaland og Os i Hedmark. Denne viser førebels vidare til den gamle adressa til Os i Hordaland.

- Os.hordaland kjem til å peika til den nye sida ei tid framover. Det er også noko informasjon som ikkje har kome over på dei nye sidene, som webkamera og postlistene, fortel Soltvedt.

Los i Os
Det er selskapet Acos frå Straume på Sotra som har utvikla sidene. Acos har frå før laga nye heimesider for rundt 100 norske kommunar.

- Den horisontale menyen med ei rekkje ikon midt på sida er utvikla av noreg.no, ein funksjon stadig fleire kommunar tar i bruk på sine sider.

Under «tenester» får du alle tenestene ramsa opp alfabetisk, i tillegg til at dei står sortert under emne i eigen meny. Saker og dokument til kvart tema er dessutan tagga, slik at du ved å velja tema finn alt av informasjon på éin plass.

- Ikkje ferdig
Sjølv om dei nye sidene blei lansert i dag er oskommune.no framleis i utvikling.

- Noko av det viktigaste med den nye sida er effektivitet, noko elektroniske skjema skal vera med på å bidra til. Det ligg mange skjema ute til nedlasting, men snart kjem rundt ni av desse elektronisk. Vi har som mål å få 15 elektroniske skjema i løpet av året, men litt finpuss manglar.

Med elektroniske skjema unngår både brukarar og sakshandsamarar at felt blir oversett og ikkje fylt ut. I tillegg blir dei sendt direkte til rett kontor.

Vil du sjå nærmare på oskommune.no kan du trykkja her.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.