Lokal | 24. feb. 2012

Mediemerksemda var tøff

Eit massivt presseoppbod på fengslingsmøtet var nesten like tungt som dei alvorlege anklagene, ifølgje 18-åringen sin advokat.

Mediemerksemda var tøff
Forsvarar Rolf Knudsen i samtale med deler av pressa før fengslingsmøte fredag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 24. feb. 2012 15:38

Då fengslingsmøtet starta klokka 10 i Nordhordland Tingrett fredag var det med omlag 25 pressefolk til stades. Rettsmøtet blei etter ei kort vurdering lukka for pressa.

- Eg har prøv då førebu min klient på at det kom til å vera mykje presse her, fortalde forsvarar Rolf Knudsen før rettsmøtet tok til.

Likevel blei dette noko av det tøffaste for den 18 år gamle guten.

- Han tykkjer det var tungt med all pressa til stades og gav uttrykk for at det var noko av det verste med dagens fengslingsmøte, fortalde forsvararen etter at kjennelsen og slutningen om at klienten hans skulle varetektsfengslast for fire veker var lest opp.

Skjønner ikkje

18-åringen har vanskeleg med å forstå at han kan ha gjort dei ugjerningane han no er sikta for. Han påstår han aldri har vore i den drepte sitt husvære, men har som det tidlegare har kome fram ingen erindringar frå den aktuelle kvelden grunna stort alkoholinntak.

- Han tar siktinga frykteleg tungt. Det er alvorlege forhold han er tiltalt for.

- Likevel opplever eg han som fatta. Han var veldig oppteken av å skulle klare å gjennomføre fengslingsmøte i dag, fortalde Knudsen til mellomanna Midtsiden.

Glad for å få møte mor

Sjølv om 18-åringen blei ilagt fire veker brev-, besøk- og medieforbod gav retten samtykke til at han skal få møte mora si og ein annan navngjeven person som betyr mykje for han. Møta skal foregå under kontroll av politiet.

- Det er veldig viktig for han. At retten opna for dette meiner eg er ei riktig vurdering frå retten si side.

Retten grunngjev avgjersla med at det er særleg på grunn av siktedes alder dei finn det rett å gje han lov til desse møta.

Tok betenkningstid

Då slutninga frå fengslingsmøtet blei presentert for 18-åringen fekk han spørmål for tingrettsdommar Berit Sangolt om han godtok fengslinga, om han ville ha betenkningstid eller anke dommen til lagmannsretten. Den tiltalte valde å ta betenkningstid.

- Det gjorde vi fordi vi ønskjer å brukte tid på å gå gjennom dei dokumenta som ligg til grunn for siktinga.

- Eg fekk først desse frå politiet i går kveld. Vi har difor ikkje hatt tid til å gå nøye igjennom dei.

- Vi vil mellomanna sjå på om det er grunnlag for å be om ytterlegere etterforskningsskritt i saka, forklarte Knudsen.

Utvida siktinga

Under fengslingsmøtet skal det òg ha blitt klart at politiet har utvida siktinga til òg å gjelde valdtekt. Ei åklage den sikta stiller seg like uforståande til som til siktinga om drap.

Politiadvokat Asbjørn Onarheim var ikkje særleg meddelsom etter fengslingsmøte med valde å visa til kjennelsen kor det kjem fram at dei har finger- og handavtrykk av den sikta funnen inne i husværet til den drepte.

- Utover dette vil eg ikkje kommentere dei tekniske og taktiske bevisa ytterlegare, sa Onarheim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.