Næringsliv | 25. aug. 2014

Meir enn berre ballongar

Måndag opna partyhuset Lilleballong i Osvegen. – Vi vil freiste å tilby det meste ein treng for å arrangera bursdagsselskap, fortel Henning Heimdal.

Meir enn berre ballongar
Henning Heimdal og Olaug Gjelsvik framfor ballongutvalet i butikken (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremandag 25. aug. 2014 14:20

Bildeserie:

I andre høgda har dei innreia eit lokale for bursdagsfeiring (foto: AH)
I andre høgda har dei innreia eit lokale for bursdagsfeiring (foto: AH)
Med eit tilstøytande mindre rom om nokon vil ha det litt rolegare (foto: AH)
Med eit tilstøytande mindre rom om nokon vil ha det litt rolegare (foto: AH)
Butikken har òg eit stort utval til kakebaking (foto: AH)
Butikken har òg eit stort utval til kakebaking (foto: AH)
Med pynt i mange varianter og farger (foto: AH)
Med pynt i mange varianter og farger (foto: AH)
Fleire varianter av kakeformer og fat (foto: AH)
Fleire varianter av kakeformer og fat (foto: AH)
I kjelleren er det eit stort utval av bursdagsrekvisitter basert på foreskjellige tema (foto: AH)
I kjelleren er det eit stort utval av bursdagsrekvisitter basert på foreskjellige tema (foto: AH)
Mellomanna alt av Biler og Hello Kitty (foto: AH)
Mellomanna alt av Biler og Hello Kitty (foto: AH)
1 av 7

I Elvebakken rett nedanfor Rema 1000 langs Byvegen har Partyhuset Lilleballong brukt natt og dag den siste månaden for å bli klare til opninga måndag.

– Det har vore hektisk og framleis er det eit par ting som ikkje er fungerar heilt som det skal, men vi har kome så langt at vi kan opna, smiler Henning Heimdal der han står med metersvis av kvittering som kassa-apparatet spydde ut då det skulle testast.

Trass problema med kassa-apparatet og at dei ikkje har fått ei leveranse av einsfarga koppar og fat frå England som skulle ha vore på plass i førre veke gler Heimdal seg over å endeleg kunne opna.

Stort utval til kakebaking

Heimdal og kona Olaug Gjelsvik satsar på å bli eit fullsortiments partyhus for bursdagar og selskap. Eit døme på det er utvalet av utstyr og pynt til motivkaker.

– Dette er jo ting som mange av dei som bakar kjøper via nettet, men vi har fått prisar frå leverandørane som gjer at vi kan konkurrera med nettbutikkane.

– Vi veit jo ikkje heilt kva bakarane treng, så vi har tatt inn litt av alt no i starten, så får vi sjå kva det går mest av.

– Ser vi at det er noko som manglar, eller som det går mykje av, så får vi det levert på eit par dagar.

– Ein av tinga vi har tatt inn er eingongs-kakefat. Det viste det seg nemleg at det var vanskeleg å få tak i andre butikkar, fortel Heimdal.

Vil arrangera kake-kurs

Dei to gründerane er ikkje så heisne på å baka sjølv, men har knytta eit samarbeid med Monica Engelsen i dinkake.no.

– Vi har ei avtale med Monica og kan formidla bestillingar til ho.

– I tillegg kjem ho til å halde to kurs om det er interesse for det.

– Det blir eit grunnkurs og eit blomsterdekoreringskurs til å starte med. Det kjem vi til å holde oppe i utleielokalet her, fortel Heimdal.

Komplette seriar innen pynt

I tillegg til å ha eit lokale i andre etasjen til 15-20 personar som dei leiger til barnebursdagar og selskap, har Lilleballong tatt inn eit stort sortement av fat, koppar og pynt om ein heller vil ha det heime.

– Vi ser frå Europa at der vel ein gjerne eit tema for bursdagen og pyntar heile lokalet ut frå det.

– Denne trenden trur vi er på veg inn i Noreg også, så vi har eit stort utval av mellomanna dukar, fat, koppar, vimplar, bestikk, sugerør, veggdekor i seriar som Vennebyen, Biler, Hello Kitty og Hannah Montana for å nemne nokon.

– I tillegg ventar vi på ei leveranse frå England i reine farger. Mange vel jo gjerne eit tema basert på ein farge. Det skal vi òg klare å levera, folk skal sleppe å reise rundt frå butikk til butikk, smiler den entusiastiske butikkeigaren.

Skal ballongdekorera ein butikk

To av veggane i butikken er dekorert med hyller av ballongar i alle moglege varianter.

– Som du forstår så er det berre ein del av verksemda.

– Det er Olaug som er den kreative av oss i høve dekorering, men også på området for ballongdekor ser vi ei auke etterspurnad.

– Mellomanna skal vi dekorera ein butikk om ikkje så lenge, fortel Heimdal, før han legg til at det òg er ein stadig etterspurnad etter dekorballongar som blir brukt som innpakning til gåver av ymse slag.

– Det er jo noko av bakgrunnen for at vi har starta butikken. Vi såg at vi kom ikkje skikkeleg ut med dette tilbodet når vi skulle gjera det heimefrå.

– No har vi ein plass kundane kan kontakta oss og koma for å henta dei. Det gjer at vi kan gje ein mykje betre service, avsluttar Henning Heimdal som framleis driv med utleige av hoppeslott, sukkerspinn og tilsvarande i selskap og på marknader.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.