Vêret i Os | 01. nov. 2023

Meir haustvêr i vente

Melder varmare og våtare dagar.

Meir haustvêr i vente
Hovlandsvika ved Kysthospitalet søndag morgon. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. nov. 2023 13:41

Etter ein oktober der liten kuling prega trafikkbildet, med fleire velta tre og stengte vegar i starten, mens slutten på førre månad blei solrik, går vi ein våtare, men òg varmare periode imøte.

Det blir neppe mykje skraping av is frå rutene dei neste morgonane, temperaturane skal opp i 8-9 gradar.

Det er meldt regn onsdag kveld, men også periodar med opphaldsvêr.

Etter ei våt natt blir nemleg torsdagen lettskya og tørr, med unntak av ei byge i 20-tida på kvelden.

Fredag frå lunsj og laurdag ettermiddag er det òg meldt regn, og det er meldt nedbør både formiddag og ettermiddag søndag.

Vindstyrken skal auka litt, opp i 8 m/s i morgon, men er venta å halda seg stabilt på rundt 4 m/s gjennom helga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.