Lokal | 05. mars 2016

Meir oljesøl i Baronselva

Politiet og brannvesenet rykte fredag ettermiddag ut til Baronselva etter melding om meir oljesøl i elva.

Meir oljesøl i Baronselva
Fredag ettermiddag såg det slik ut i Baronselva (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamrelørdag 05. mars 2016 08:53

Bildeserie:

Politiet rykte òg ut for å sjå på oljesølet fredag (foto: KVB)
Politiet rykte òg ut for å sjå på oljesølet fredag (foto: KVB)
1 av 1
Politiet rykte òg ut for å sjå på oljesølet fredag (foto: KVB)

Onsdag og torsdag blei det meldt om store mengder oljeskimmer i Baronselva ved Telthusplassen i Os sentrum.

I 16-tida fredag ettermiddag fekk politiet og brannvesenet på melding om meir oljesøl i elva.

Brannsjef Stein Gjøsund seier dei var i kontakt med Best-stasjonen, som ligg lengre oppe langs den vesle elva, og at dei har hatt problem med ein oljeseparator.

Det er førebels uvisst om dette er årsaka til forureininga og om korleis Os kommune vil følgja opp saka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.