Sport | 05. juni 2013

Meir speletid til Simen?

Simen Lassen har fått lite speletid i 2. divisjon etter at han gjekk til Brann. – Men vi er veldig nøgd med han, seier trenar Helge Nilsen.

Meir speletid til Simen?
Simen Helland Lassen har førebels fått lite speletid på Brann 2. Men i kveld speler han frå start. (Foto: Henrik Mjelva)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 05. juni 2013 13:12

I vinter gjekk dei unge, talentfulle Os-spelarane Fredrik Heggland og Simen Helland Lassen til Brann.

Midtstoppar Fredrik hadde nettkjenning i treningskamp for nyeklubben i vinter og Simen fekk spela med A-laget i cupkamp mot Hovding.

Men etter at serien starta har Fredrik hatt langt meir speletid enn Simen. Fredrik har spelt 90 minutt i alle dei seks kampane til no, Simen har enno ikkje spelt frå start, men hatt innhopp i 4 av 6 kampar.

– Eg skulle gjerne ønskt meir speletid, naturlegvis, men eg er tålmodig og håper på å få spela meir no når Tippeligaen har pause.

– Simen må stå i det

Brann 2-trenar Helge Nilsen seier han er veldig nøgd med Lassen, og forklarer lite speletid med konkurranseutsett posisjon på banen og litt sjukdom.

– I tillegg til eigen stall får vi A-lagsspelarar ned som det er krav til å gje speletid for at dei skal få kamptrening.

– Simen speler på ein veldig konkurranseutsett posisjon, i tillegg har vi hatt inntrykk av at Lars Kallevik har fungert litt betre saman med Kristoffer Barmen.

– Simen har også vore litt sjuk i mai. Og han er ein ærleg fyr som seier ifrå når han ikkje er 100 prosent. Og då er det lett å velja ein annan.

Nilsen seier at det å stå i det, å kjempa om plassen og venta på tur, også er ein viktig eigenskap.

– No speler Lassen frå start i kveld og kan nok venta seg meir speletid no i Tippeliga-ferien. Han er ein god spelar som vi håper utvikler seg vidare og viser seg frå si beste side når sjansen er der.

Mykje ros til Heggland

Fredrik Heggland, som Brann 2 bruker som midtstoppar, får mykje ros av Nilsen.

– Fredrik har ein unik eksplosivitet.

– Midtstopparar med Fredrik sine eigenskapar er noko som norsk toppfotball skriker etter, seier Helge Nilsen.

Les òg: Vegard slo Fredrik og Simen


Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.