Sport | 14. sep. 2014

– Meir tent i dag

Tre på tribunen: Dette meiner Frode Heggland, Brynjar Øvstedal og Tom Olsen om Os - Bjarg.

– Meir tent i dag
F.v.: Frode Heggland, Brynjar Øvstedal og Tom Olsen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 14. sep. 2014 19:51

Os slo Bjarg 3-1 på Kuventræ i dag etter ein sjansefattig førsteomgang der det sto 0-0 til pause.

Vi hadde ein prat med Heggland og Øvstedal i pausen og Olsen etter kampslutt.

Frode Heggland:

– Kva synest du om kampen?

– Det ser ut som om varmen har tatt dei, eg synest Os speler ganske dødt. Men dei er betre enn Bjarg, vi satsar på at det kjem seg i 2. omgang.

– Kva Os-spelar gjer det best i dag?

– Ingen har utmerkt seg til no.

Brynjar Øvstedal:

– Kva synest du om kampen?

– Dei er ikkje flinke nok til å trykka etter. Christer blir veldig åleine på topp. Ving og back må også vera flinkare med å koma etter når dei har slått ball.

– Kva Os-spelar gjer det best i dag?

– Eg er imponert over Kanestrøm. Men eg håper også at Berge bruker ungdomane no når dei verken kan rykka ned eller opp. Både Knut Spangelo Haga og Kasper Færøvik vil få mykje inspirasjon til oppkjøringa i vinter viss dei får litt speletid i kampane som er igjen.

Tom Olsen:

– Kva synest du om kampen?

– Det spelte betre i forsvar enn på lenge, og vi såg meir kamplyst enn vi har sett i dei siste kampane.

– Kva Os-spelar gjorde det best i dag?

– Kanestrøm, naturlegvis, med tre mål, men Christer gjorde også veldig mykje bra.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.