Næringsliv | 25. aug. 2010

MEKK til Os

MEKK-kjeda er i ferd med å skaffa seg lokale på Os. No jaktar dei på nokon til å driva butikken.

MEKK til Os
Andris Hamreonsdag 25. aug. 2010 11:19

MEKK, som marknadsfører seg som ei "handy man"-kjede, er klar til å etablera seg på Os straks dei får nokon på plass til å driva butikken.

- Vi søkjer no etter ein franchisetakar som kan driva butikken vår på Os, seier administrerande direktør Bjørn Haakonsen i Mekk Skandinavia.

– Vi jaktar etter nokon med kunnskap og interesse til å driva butikken for oss. Det er ein morosam jobb kor den som tek på seg jobben får tett oppfølging og hjelp frå kjeda, lover Haakonsen.

Skaffar seg lokale
I tillegg til etableringa på Os arbeider kjeda med å etablera seg i Florø, Sogndal, Malvik og Tromsø. Om dette fell på plass vil kjeden ha 32 butikkar over heile landet.

MEKK-butikkane sel alt frå verktøy til båt- og bilutstyr. Hovudkontoret ligg i Bergen. Konsernet omsatte i 2009 for omlag 250 mill. NOK og har ca. 120 ansatte.

Kor butikken på Os skal koma kan Haakonsen ikkje røpa enno, då det står att eit par detaljar som først må vera klar.

- Men eg kan lova at MEKK kjem til Os, seier kjededirektøren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.