Melder 23 gradar og solrike dagar
Regnbyga klokka 16 i dag skal bli den siste på åtte dagar.


Trudde du «heile juli skulle bli grå og kald i år òg»? Då ser det ut som om du trudde feil.
Etter to år med varm mai, men mindre sommarstemning i juni og juli, såg 2025 ut til å bli av same sorten.
Men no ligg vi an til å få ein tørr og varm periode. Vêrmeldingane har blitt stadig lysare, og no ser det ut til å bli både meir stabilt og varmare enn det som først var meldt.
Yr melder opphald frå søndag, Storm melder ei regnbyg i Os frå klokka 14 til 16, men så skal det letta, nesten for godt. Neste nedbør som er meldt er måndag 14. juli, altså om åtte dagar.
Temperaturen skal auka frå 17 i dag til 20 måndag og 23 gradar tysdag. Då skal det òg vera lettskya, sol og nesten vindstille.
Det er venta overskya vêr frå tysdag kveld til torsdag morgon, med temperatur på 17-18 gradar og svak vind (under 3 m/s) heile veka.
Neste helg er det venta nesten skyfritt vêr og opptil 23 gradar igjen.
Det lover bra både for dei som skal på Tysnesfest og andre som liker seg utandørs – sett vekk frå laksefiskarane, som no får ei lita elv å kasta i.
- Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent





