Melder to dagar med sommar
Onsdag blir finast - torsdag blir varmast.
Det kalde og våte sommarvêret vi har på Vestlandet i år tar seg ein pause midt i veka.
Frå regn og 12 varmegradar måndag og halve tysdag skal temperaturen opp minst 10 gradar i Os.
Både Storm og Yr melder opphaldsvêr frå lunsj tysdag. På ettermiddagen skal temperaturen opp i 14-15 gradar.
Til onsdag er det meldt skyfri himmel og 20 varmegradar!
Torsdag er venta å bli lettskya fram til lunsj og opphaldsvêr med opptil 24 gradar.
Det er meldt nesten vindstille (1-2,5 m/s) onsdag, og berre opptil 3-4 m/s torsdag, så det er berre til å henta vannskia fram frå boden.
Både Storm og Yr melder regn på kvelden, men Yr spår opphaldsvêr og 17 gradar fredag.
• Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro, frå Storm og Yr side om side, på Pent.no
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.