Melder kraftig vind og mykje nedbør
Skal ta seg opp utover torsdagen.

Det er venta eit lågtrykksfelt inn over Sør-Norge. I Agder og Telemark er det oransje farevarsel med venta «omfattande ustabile forhold» i form av kraftige vindkast og store snømengder.
I Os er det meldt liten kuling på det kraftigaste og gult farevarsel grunna store nedbørsmengder.
Vinden skal auka frå 5 m/s på morgonen torsdag til oppunder 11 m/s på det kraftigaste torsdag i 16-17-tida. Vinden skal koma frå søraust.
Det skal også blåsa friskt i periodar fredag, men løya utover fredag ettermiddag.
I dag er det nærmast skyfritt over Os, frå rundt lunsj torsdag er det venta nedbør samanhengande til laurdag morgon.
Temperaturen er venta å ligga på 3-4 plussgradar torsdag ettermiddag, men skal auka til 6-7 fredag og laurdag. Det betyr at mykje av snøen som har kome dei siste dagane, i går og i helga, blir vaska vekk.
I fjellet kjem den, i alle fall i første periode, som snø. Eikedalen fekk 40 cm nysnø frå laurdag til tysdag og nye 10 cm i natt.
Har du planar utandørs til helga? Laurdag er det meldt 5-6 gradar og sol frå 07 til 19. Yr og Storm er usamde om søndagen blir tørr eller ikkje.
- Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.