Jakt, fiske og natur | 12. mars 2023

Vårteikn vassa i snø

Etter vinterferie i Frankrike og England er to artar tilbake.

I skjergarden mellom Halhjem og Øyane torsdag 9. mars. (Foto: Oddmund Lunde)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 12. mars 2023 08:16

Det er ikkje berre hoggorm og kublome som har vist seg etter ein varm februar, og ein snørik start på mars.

Torsdag 9. mars såg naturfotograf Oddmund Lunde tjeld for første gong i år.

– Dei eg såg gjekk og vassa i snø på eit skjer, fortel Oddmund.

I skjergarden mellom Halhjem og Øyane torsdag 9. mars. (Foto: Oddmund Lunde)

Tjeld, som er nasjonalfuglen på Færøyane, plar vera ein av dei tidlegaste som kjem tilbake til Norge på våren.

I alt er det 30.000 til 50.000 par med tjeld i Norge, dei fleste langs kysten. Tjeld et skjel, gjerne 300 om dagen.

I skjergarden mellom Halhjem og Øyane torsdag 9. mars. (Foto: Oddmund Lunde)

Tjelden frå Norge overvintrar ofte aust i England og rund Vadehavet (frå Nederland til Danmark).

I Vadehavet overvintrar også grågåsa, og torsdag var også denne innan rekkevidde for objektivet til Lunde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.