Vêret i Os | 11. jan. 2026

Melder kraftige vindkast – BKK aukar beredskapen

– Konsekvensar av straumbrot vinterstid kan vera større, seier seier Henrik Wiedswang Horjen.

Melder kraftige vindkast – BKK aukar beredskapen
Det er meldt snø natt til måndag. Samtidig skal vindstyrken auka. Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 11. jan. 2026 16:19

Det er sendt ut farevarsel om svært kraftige vindkast i store delar av Vestland frå søndag og natt til måndag.

Det er meldt kuling frå i kveld til tysdag formiddag, då skal vindstyrken ned frå 10 til 6 m/s igjen.

Frå klokka 01 til 04 natt til måndag er det òg venta snø.

Sterk vind kan skapa utfordringar for straumforsyninga som følgje av at gjenstandar eller tre skader straumlinjene. BKK aukar beredskapen og styrkjer bemanninga frå søndag for å sikra straumforsyninga.

– Vi har alltid folk på jobb og rykkjer ut så raskt som mogleg ved straumbrot. No aukar vi bemanninga både inne og ute for å vera best mogleg førebudd, seier Henrik Wiedswang Horjen, kommunikasjonsrådgivar i BKK.

– Dei førebelse vêrvarsla antydar ikkje like sterk vind som kva vi opplevde under Amy, men konsekvensar av straumbrot vinterstid kan vera større, særleg med tanke på kuldeperioden vi har vore gjennom. Vi vil derfor oppmoda til å gjera ekstra forholdsreglar i tilfelle straumbrot, seier Horjen.

Dersom det oppstår ein situasjon der straumlinjer blir skadd og fell ned på bakken ber BKK om at publikum held avstand av omsyn til eigen tryggleik.

For å melda inn farlege forhold knytte til straumnettet kan BKK kontaktast på telefon: 55 12 71 77

Tips ved langvarige straumbrot

  • Viss straumen blir borte over lengre tid, er det viktig å kunna halda varmen, ha nok mat og vatn, og sørgja for lys og informasjon.
  • Ha ved, parafin eller anna varmekjelde klar. Lagra mat som ikkje treng kjøling. Styresmaktene tilrår også å ha 20 liter vatn per person.
  • Lommelykter, stearinlys og ein batteridriven radio gir både lys og nyttig informasjon.
  • Ein fullada nødladar til mobilen er smart.
  • Om du er avhengig av straum, kan eit straumaggregat vera nødvendig.

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.