Lokal | 19. jan. 2022

Melder kuling og snø

Onsdag formiddag skal det regna tett. Så skal det bli kaldt.

Osbrua ein vintermorgon. (Arkivbilde, foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 19. jan. 2022 06:46

Onsdag i 07-tida byrja det å regna, og det er venta mykje nedbør dei neste timane.

Vindstyrken skal auka frå 6 til over 10 m/s rundt lunsj, og halda seg på rundt 8 m/s ut dagen.

Frå klokka 13 får vi to timar med lettskya og sol.

Så skal temperaturen ned frå 7 pluss til 1 minus utover ettermiddagen.

Frå klokka 15 til klokka 02 natt til torsdag er det venta snøbyger.

Det kan bli vanskelege køyreforhold utover ettermiddag og kveld.

  • Sjå detaljert vêrmelding for Osøyro på VG Pent

Torsdag er det meldt sol, lettskya og rundt 6 m/s i vindstyrke, med temperatur på rundt null gradar og fare for snø natt til fredag.

Men snøen blir ikkje liggande lenge. Frå laurdag og gjennom helga er det meldt 7 plussgradar.

Yr melder regn i helga, Storm melder stort sett opphald, men fare for ei byge midt på dagen laurdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden

Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!

  • Tilgang til alt innhald
  • Under 37 kr/veka
  • Utan bindingstid
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.