Politi | 17. jan. 2022

Direkte: Glatte vegar og fleire problem i trafikken

Lange køar på Moberg, Hauge og Storum i morgontimane.

Direkte: Glatte vegar og fleire problem i trafikken
Trafikken opp Storumbakken frå Øyane sto lenge heilt i ro, men lausna då privatpersonar kom med salt rett før klokka 09. (Lesarbilde, foto: Henrik Daae Børnes)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. jan. 2022 06:11

Måndag morgon er det glatt på leire fylkesvegar i Os, blant anna Ulvenvegen og Mobergsbakken.

Klokka 06.45 gjekk trafikken i 10-15 km/t ned mot Os sentrum, klokka 07.08 fekk Midtsiden tips om buss på tvers i Mobergsbakken.

Bussen blokkerer Mobergsbakken rett over avkøyrsla til Midtskogvegen. (Foto:Kjetil Bruarøy)
Bussen blokkerer Mobergsbakken rett over avkøyrsla til Midtskogvegen. (Foto:Kjetil Bruarøy)

Bussen er ein ekspressbuss på veg frå Halhjem til Bergen. Den har køyrd utfor på veg ned bakken, rett før avkøyrsla til Midtskogvegen.

Bussjåføren svingte unna bilar som sto i ro, som ikkje våga å køyra ned Mobergsbakken. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògBussjåføren: – Trudde eg skulle koma meg inn Midtskogvegen

Politiet har stengt Mobergsbakken, og står med ein betjent også nede ved Vognhallen for å hindra at fleire køyrer opp bakken.

Oppdatert kl 09.13: Mobergsbakken er framleis stengt. – Vi ventar på bergingsbil. Det er svært glatt på staden, fortel politioverbetjent Anne Lyssand.

Problem mellom Os sentrum og Hauge

Det er også problem på Hatvikvegen mellom Os sentrum og Hauge.

Blant anna skal ein lastebil stå fast.

Bildeserie:

Ein lastebil fekk problem på Hatvikvegen ved Solstrandvegen og Stølsvegen. Trafikken går i 08-tida framleis seint forbi staden. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Ein lastebil fekk problem på Hatvikvegen ved Solstrandvegen og Stølsvegen. Trafikken går i 08-tida framleis seint forbi staden. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Forsøk på omkøyring i 07.15-tida. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Forsøk på omkøyring i 07.15-tida. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
1 av 2

Oppdatert: I 08.20-tida ser trafikken ut til å gå som normalt på Hatvikvegen frå Os opp mot Hauge.

– Det er kasta av eit godt lass med salt der lastebilen sto fast, nær golfbanen, men det er framleis nokre svært glatte parti lengre oppe på Hauge. Køyr forsiktig, seier ein annan trafikant.

Feil på trafikklys i Hegglandsdalen

I Hegglandsdalsvegen er det problem med trafikklysa som regulerer anleggsområdet.

– Det eine lyser ikkje i det heile tatt, det andre blinkar gult. Eg måtte nettopp rygga 50 meter, fortel ein trafikant.

Ein annan trafiant fortel i 08.30-tida at dette var i orden då han leverte ungar, men at det er svært mykje trafikk og lange køar rundt skulen.

Kø på Byvegen og Lepsøyvegen

Ifølgje Google Maps si trafikkovervaking er det i 08.20-tida kø og saktegåande trafikk fleire stadar.

Storumbakken retning Os klokka 08.17 i dag. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)
Storumbakken retning Os klokka 08.17 i dag. (Lesarbilde, tips@midtsiden.no)

På Byvegen mellom Os sentrum og Amfisenteret går trafikken seint.

På Lepsøyvegen er det kø frå Hagavik Hjemmebakeri til Lepsøykrysset.

I Storumbakken på Lepsøyvegen står trafikken heilt i ro retning Nore Neset/Os.

Oppdatert kl 08.49: Trafikken står framleis heilt i ro, og det er kø frå Storum og omtrent til Lepsøybrua.

Det er foreløpig uvisst kva som er årsaka, men det kan sjå ut som om ein buss har fått problem på Storum.

Oppdatert kl 08.57: Nokre privatpersonar skal ha kome med sekkar med salt. Då lausna det for bussen. Trafikken har kom i gang igjen i området.

Lengre oppe i Storumbakken ser ein buss ut til å ha hatt problem. (Lesarbilde, foto: Henrik Daae Børnes)
Lengre oppe i Storumbakken ser ein buss ut til å ha hatt problem. (Lesarbilde, foto: Henrik Daae Børnes)

Artikkelen blir oppdatert.

Køyr varsamt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.