Melder snø og nattefrost

Fine dagar i vente. Om du har vinterdekk.

Det er meldt opphaldsvêr, men nattefrost dei neste dagane. Over helga kan det koma snø, som her, 10. april i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 24. nov. 2021 08:39

Onsdag morgon er det kraftige regnbyger i Os, og det er meldt fleire regnbyger utover dagen, kvelden og natta.

Så skal det letta. Torsdag er det meldt skyfri himmel, og det skal vera opphaldsvêr gjennom heile helga.

Snø og nattefrost

Men det er også meldt kaldare. Temperaturen skal ned frå ni til null, og natt til fredag er det meldt nokre snøbyger.

Det betyr at det kan bli ekstra julestemning når julegrana i Os sentrum skal tennast fredag kveld.

Det betyr også at det kan bli vinterføre natt til fredag.

Natt til laurdag er det meldt 2 plussgradar, natt til søndag 0 til 1 minus. Både laurdag og søndag er det meldt lettskya og opphaldsvêr.

Ei kald og tørr veke

Måndag og tysdag er det meldt 2 til 4 plussgradar og fare for sluddbyger både på dagtid og om natta.

Utover veka skal det bli kaldare, med frost natt til onsdag og torsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.