Skal ikkje måla isen neste vinter

Neste vinter blir det opp til andre å vurdera om isen er farbar.

Kristoffer Hauge og Jan Olav Birkeland på måling på Ulvenvatnet 15. januar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 13. apr. 2021 15:34

Sidan midten av januar 2016 har Os brannvesen hatt ansvar for måling og skilting av isen på utvalte vatn.

I fleire år i forkant hadde pensjonist, atlet og tidlegare vestlandsmeister på skøyter, John Lepsøy, på frivillig basis tatt seg av måling og å henta ut kommunen sine skilt - seinast i starten på 2016, to månadar før han fylte 83 år.

John på Ulvenvatnet - her før isen var «farbar» - som 80-åring i 2013. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Om John må tilbake på isen er uvisst, men det er no bestemt at kommunen via brannvesenet ikkje lenger tar på seg oppgåva.

Vil ikkje gjera forskjell

I vinter blei det stilt spørsmål ved det at Bjørnafjorden brann og redning målte og skilta seks vatn på Os-sia av ny kommune, men ingen på Fusa-sida.

Sjølv om det er fleire krinsar i kommunen som ikkje hadde måling, som Hegglandsdalen, Strøno, Øyane og Lysefjorden, blei dette avgjerande for komande vinter.

– Vi blei spurd om kva vi meinte, og på bakgrunn av vår uttale fatta kommuneleiinga avgjerd om ikkje å ta ansvar for måling og skilting komande vinter, seier brannsjef Eivind Hovden.

– Vi uttalte at vi ikkje ønskjer å forskjellsbehandla innbyggarane våre.

Brannsjef Eivind Hovden. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Heile vaktlaget i sving

Brannvesenet har på Os-sida brukt heile vaktlaget på måling, sånn at dei ved ei eventuell utrykking kan køyra direkte frå «kulde til varme».

– Det er ei viss fare for at vaktlaget ville blitt noko seinare på staden, om dei skulle inn fra isen og kle seg om. Dessutan har det gått mykje tid med til målingane.

Skiltet «farbar is» kan ikkje setjast opp før 90 prosent av isen er målt som tjukk nok. Det er med andre ord ein del hol som skal borast og målast.

– Og når skiltet har kome opp, startar verkeleg den travle delen av jobben. Då har vi ansvar frå dag til dag, nokre dagar nesten frå time til time, for å sjå til at isen framleis er farbar.

Glede og tryggleik

I midten av februar var det ein folksam finale på Ulvenvatnet etter seks fine vinterveker i Os.

– Dei siste vekene var stabilt kalde, og kravde mindre av oss. Det har vore ei glede å sjå kor mange som har kost seg på isen, spesielt med tanke på at det å samlast innandørs i pandemien ikkje har vore ønskeleg, seier Hovden.

– Trur du tryggleiken til innbyggarane blir like god utan målingane og skiltinga brannvesenet har gjennomført?

– Eg har inntrykk av at mange innbyggarar sit på kunnskap, og at andre har lært mykje denne vinteren. Det har vore høg aktivitet på mange vatn utanom dei seks vi har mål. Vi har ikkje hatt ulykker i Os, utanom den tragiske hendinga rett over kommunegrensa på Røykenes.

– Nokre stadar er det allereie grupper med privatpersonar som gjennomfører måling, og når vinteren nærmar seg vil vi hjelpa til med informasjon om farbar is, i forsøk på å forebygga, seier brannsjefen.

– På desse seks vatna står det permanent skilt, som kan skiltast om etter forholda. Blir desse ståande, eller kan venegjengar som har målt isen låna dei for skiltiing i vintrane som kjem?

– Det er noko vi må ta opp til diskusjon før neste vinter.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.