Vêret i Os | 30. juli 2023

Melder sol frå søndag til søndag

Starten på august blir tørr.

Melder sol frå søndag til søndag
Det var livleg på gjestebrygga i Os hamn i går. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysundag 30. juli 2023 10:01

Etter ein varm og solrik laurdag er det venta ein del regnbyger i dag, søndag.

Men i kveld skal det lettar, og ifølgje Storm er det ikkje venta meir nedbør før neste søndag.

Det er meldt 19 til 21 gradar frå måndag til fredag, og ned i 16 gradar laurdag.

Dei komande dagane kan bli fine på sjøen, uansett framkomstmiddel. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Dei komande dagane kan bli fine på sjøen, uansett framkomstmiddel. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Vindstyrken skal halda seg svak, på rundt 3 m/s.

Delar av desse dagane er det meldt overskya. Mens Storm melder ei tørr veke, meiner Yr at det ligg an til noko regn på ettermiddagen tysdag og torsdag.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.