Vêret i Os | 25. juli 2023

Melder tre fine sommarkveldar

Godvêret ser ut til å koma i små dosar siste halvdel av juli.

Melder tre fine sommarkveldar
Sjåsetjing og sigande båtar i Os hamn 10. juni i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 25. juli 2023 11:42

«Styrtregn» har vore nemt i vêrmeldingar til dagen i dag. Foreløpig har vi kategori «dusk», men Yr og Storm er einige om at det skal koma nedbør samanhengande resten av denne tysdagen.

Men dei neste dagane ser langt tørrare ut.

Onsdag er det meldt 21 gradar og sol, torsdag 18 gradar og sol og fredag 21 gradar og nesten skyfritt igjen.

Storm melder nokre få millimeter regn klokka 16 onsdag, og ein våt formiddag torsdag - men begge melder lettskya eller skyfrie ettermiddagar og kveldar.

Vindstyrken skal også halda seg låg, under 3 m/s onsdag og under 2 m/s torsdag og fredag.

Laurdag er det meldt regn på kvelden, søndag er det også meldt nedbør delar av dagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.