Carmen Bruarøy nyter solnedgang over Ervikane 12. juni i år. No skal vi få ein lengre periode med sol og over 20 gradar igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Carmen Bruarøy nyter solnedgang over Ervikane 12. juni i år. No skal vi få ein lengre periode med sol og over 20 gradar igjen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Melder sol og over 20 gradar fram til skulestart

Laurdag passerte lyn og torden inn Samnangerfjorden - no ventar ei varm avslutting på skuleferien.

Kjetil Vasby Bruarøy
08. august 2020 - 9:40

Laurdag morgon tordna ei byge med lyn innover Bjørnafjorden, Fusafjorden og Samnanger.

Ifølgje lyn.met.no, livekart over lynobservasjonar, har det vore lynnedslag i Langenuen og mellom Livarden og Gullfjellet i Bergen kommune.

Os-sida av Bjørnafjorden kommune styrte klar, mens det har vore fleire nedslag på Bogøy og Holmefjord.

BKK Nett sitt kart over straumbrot viser framleis ingen utkoplingar i Bjørnafjorden eller bergensområdet.

Lynnedslag i vårt område laurdag morgon. (Kart: lyn.met.no)
Lynnedslag i vårt område laurdag morgon. (Kart: lyn.met.no)

Når lufta no er reinsa etter ein varm og lummer fredag, skal det bli sol i Os frå klokka 12 og utover.

Ei veke med sol og over 20 gradar

Etter ein våt og kald julimånad, der 23 stasjonar i Innlandet, Viken og Vestland målte sin lågaste julitemperatur nokosinne, ser det no ut som vi får ei solrik og varm avslutting på sommarferien.

Det er meldt nesten samanhengande opphaldsvêr og lettskya frå i dag og 8 dagar fram, berre torsdag kveld ligg an til å få nokre dropar vatn.

Temperaturen skal auka frå 17-18 laurdag til skyfri himmel og 20 gradar søndag og 23 gradar på måndag og utover i veka.

Vinden skal løya frå 3-4 m/s søndag til 1-2 måndag og ut veka.

Sjå detaljert vêrvarsel for Osøyro på VG Pent.

Rekordane i juli

Her er nokre av rekordane Meteorologisk institutt registrerte i juli:

  • Flere stasjoner i Agder og Rogaland hadde to og en halv til tre ganger normal nedbørmengde i juli. Rogaland satte ny fylkesrekord med 2,4 ganger normal nedbørmengde.
  • Tørrest var det i Nordland, hvor flere stasjoner kun fikk halvparten av den normale nedbørmengden for måneden.
  • Landet som helhet fikk 1,4 ganger den normale nedbørmengden i juli, og vi må tilbake til 2001 for en våtere julimåned.

Juli ble kald i hele landet med 0,6 grader under normalen, men var særlig kald på Østlandet og i Agder.

  • 23 stasjoner målte sin laveste julitemperatur noensinne, hovedsakelig i Innlandet, Viken og Vestland.
  • Det ble dessuten satt 39 juli-rekorder for laveste gjennomsnittstemperatur, alle i Sør-Norge.
  • Ikke siden 1951 har vi målt en lavere makstemperatur for juli.  Den høyeste maksimumstemperaturen registrert i juli i år var 27,4 grader på Pasvik – Svanvik i Sør-Varanger i Troms og Finnmark. Rekorden ble tangert på Notodden i Vestfold og Telemark 31. juli.
  • Den laveste temperaturen målt var -7,2  grader ved Sognefjellhytta i Lom på Innlandet, 1413 meter over havet. Det er ny fylkeskulderekord for Innlandet.
  • 2. juli ble det satt fylkeskulderekord på Gullingen skisenter i Suldal i Rogaland med 2 grader.
     

 

 

 

Les meir om

Lokal Båt og sjøliv