Lokal | 20. aug. 2019

Meldt for dokumentfalsk etter køyring med skilt frå ein annan bil

Mannen skulle flytta ein bil, men blei stoppa av politiet.

Meldt for dokumentfalsk etter køyring med skilt frå ein annan bil
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. aug. 2019 07:37

Måndag kontrollerte politiet i Os ein bil som viste seg å ha skilt med registreringsnummer som tilhøyrer ein annan bil.

– Dette var òg gjort bevisst. Han skulle flytta bilen, men i staden for å skaffa seg prøveskilt flytta han over skilt frå ein annan bil han eig, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

Vedkomande, ein mann i 20-åra, er meldt for dokumentfalsk.

– Skal du køyra eller slepa ein uregistrert bil så treng du prøveskilt. Eit alternativ er å setja den på ein godkjent hengar.

Sjekka trafikken i samband med skulestart

Politiet har òg vore ute på nokre skular i samband med skulestart, for å sjekka køyremønsteret til både foreldre og elevar som er gamle nok til å køyra sjølv.

– Vi fann ikkje noko å reagera på. På Os vgs fekk vi òg ein prat med nokre av elevane.

– Men vi ønskjer å minna foreldre på at elevar godt kan gå til skulen, eller delar av vegen, dei treng ikkje å bli køyrd til døra. Foreldre som køyrer eleven nesten til døra bør ikkje ha det travelt. Det kan bli tett med bilar og fotgjengarar nær skulen, og om du då skal byrja å rygga og snu skal du vera ekstra varsam.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.