Meldte om valdsepisoden på utestad
Skal ha blitt slått i ansiktet.

Søndag fekk politiet melding om ein valdsepisode i Os sentrum.
– Ein person skal ha blitt slått i ansiktet, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.
Det skal ha skjedd inne på ein utestad natt til søndag.
– Har de ein mistenkt og alder på dei involverte, eller skadeomfang på fornærma?
– Nei. Vi fekk melding om dette på søndagen, og får nok veta meir om dei kjem og melder saka formelt i dag.
Natt til søndag fekk politiet også nokre klagar på støy frå russen.
– Klagene kom frå blant anna Sigurdsvika og Gudriflaten. Klokka 04 var patruljen i Sigurdvika og fekk avslutta festen.
Også fredag var det klage på høg musikk frå russen. Då kom første klage allereie klokka 22.40 på kvelden.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Tilgang til alt innhald for berre 145 kr i månaden
Di støtte gir liv til lokalavisa vår. Vi set stor pris på om du hjelper oss å spreia nyheitene!
- Tilgang til alt innhald
- Under 37 kr/veka
- Utan bindingstid
Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.