Politi | 13. mai 2023

Hamna i arresten - på tredje forsøk

Fekk fleire pålegg om å halda seg vekke frå adresse.

Hamna i arresten - på tredje forsøk
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. mai 2023 07:48

Klokka 00.47 natt til laurdag fekk politiet melding om ein mann som hamra på døra til ein annan mann på ei adresse nord for Os sentrum.

– Vedkomande, ein mann i 30-åra, fekk pålegg om å halda seg vekke frå vedkomande, opplyser vakthavande ved Bjørnafjorden politistasjon.

Men klokka 04.46 kom tilsvarande melding frå same adresse. Han var utagerande, og nytt pålegg blei gitt.

Men då det kort tid seinare kom eit nytt brot på pålegget, blei vedkomande køyrd i arresten og meldt.

Reagerte på lusking

I 07-tida laurdag morgon fekk politiet melding om ein person som luska rundt sør for Os sentrum.

Kva som gjorde at det blei karakterisert som «lusking», er ikkje notert i politiet sin logg, men vedkomande blei kontrollert, funnen «i orden» og dimittert.

Mogleg hærverk

Litt over midnatt fekk politiet melding om mogleg skadeverk på ein skule.

– Det var fem-seks ungdomar på staden, av begge kjønn, ifølgje meldar.

– Politiet har ikkje namn på desse, vi kjenner heller ikkje omfanget av eventuelt skadeverk.

Lyd frå russen

Det kom inn fire klagar på støy frå russ i natt, den første klokka 22.40, den siste klokka 03.10.

– Grunna andre oppdrag fekk ikkje patruljen svingt innom og snakka med dei før klokka 04.10. Då hadde festen roa seg, og dei skulle til å runda av.

Det kom også melding om støy frå ei privat adresse i Os sentrum. Den kom i 02-tida. Då patruljen kom innom, var det stille på staden.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.