Korona | 26. okt. 2021

... men teststasjonane er opne

– Fleire har misforstått.

... men teststasjonane er opne
Teststasjonen i Røde Kors-huset i Kolskogen er framleis i drift. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytysdag 26. okt. 2021 08:47

I førre veke fortalte Bjørnafjorden kommune at fredag 22. oktober blei siste dag med eigen legevakt for folk med luftvegssymptom, altså «koronalegevakta».

– Fleire har oppfatta dette som at teststasjonane også er stengte, men det stemmer slettes ikkje, seier kommunikasjonsrådgjevar Ragnhild Stende Bjaadal.

Begge teststasjonane, Kolskogen og Eikelandsosen, er opne som vanleg.

I førre veke (veke 42) var det 140 som testa seg, veka før (haustferien) var det 100.

– Det er viktig at folk testar seg ved symptom, anten ved teststasjonane eller med heimetest. Heimetest kan innbyggarane få utdelt gratis på teststasjonane og ved alle legekontor i opningstida.

Kommunen har denne informasjonssida for både heimetest/hurtigtest og ordinær test på teststasjonane.

Bjørnafjorden kommune har hatt 13 og 11 nye smittetilfelle dei to siste vekene, men ser ikkje grunn til å iverksetja lokale tiltak.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.