Korona | 18. okt. 2021

Korleis kan du veta om du er forkjøla eller har covid-19?

Kan mistanke om andre sjukdomar føra til auka koronasmitte?

Korleis kan du veta om du er forkjøla eller har covid-19?
Kommuneoverlege Klaus Melf. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 18. okt. 2021 13:32

I dag blei det kjent at vi gjekk frå 0 nye smittetilfelle i veke 40 til 11 nye i veke 41.

Ingen av dei er alvorleg sjuke, og nokre av dei smitta er import frå utlandet og smitte internt i husstanden i løpet av haustferien.

Koronaviruset. (Foto: FHI)
Les ògKraftig smitteauke førre veke

Men kan mistanke om at det er forkjølelse eller influensa føra til at folk er mindre varsame - og derfor smittar fleire?

– At vi er tilbake til normalen, og at enkelte tenkjer at dei berre er litt «snufsen», kan nok begge vera medverkande, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

– Dei siste 2-3 vekene har vi hatt ei ganske stor auke av innbyggarar som er forkjøla, då spesielt dei som er smitta av rhinoviruset.

Symptoma er identiske

Uansett ved nyoppståtte symptom på luftvegssjukdomar, feber, hoste, sår hals eller nedsett allmenntilstand, bør du halda deg heime.

Men folk er kanskje mindre varsame enn før, når vi er tilbake til normalen etter pandemien, sjølv om også det å vera fokjøla kan vera plagsamt for dei rundt deg.

– Korleis kan du veta om du «berre» er forkjøla, eller om du har fått covid-19?

– Symptoma er identiske, sjølv om nokre av dei som har covid også mister lukt og smakssans, så det er berre éin måte å finna ut om du har covid på, og det er å testa deg, seier Melf.

– Du kan henta hurtigtest gratis på eit legekontor, så får du svar.

Hurtigtest er ikkje like god som vanleg test, derfor skal du ta to testar med eitt døgn mellomrom.

– Kva om testen er positiv?

– Då skal du melda ifrå, så vi får tatt ein vanleg test. Då får vi loggført det, og den som er sjuk får det inn i koronapasset sitt - så blir dette grønt i 12 månadar fram.

Nytt råd: Test deg kvar dag

Om du bur med ein som er smitta, kan du likevel reisa i barnehage, på skule eller jobb.

– Siste nytt der er at du testar deg kvar dag i ei veke. Har du negativ test kan du gå ut blant andre.

Vaksine: Har ikkje nådd målet

Melf har også eit anna ønske til innbyggarane.

Kommunen er ikkje oppe i 90 prosent vaksinerte i alle aldersgrupper enno.

– Vi manglar ein del mellom 18 og 44 år, spesielt dei mellom 24 og 39 år. Vi håper fleire bestiller time og blir vaksinerte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.