To menn dømt for oppbevaring av amfetamin
Ein mann frå Bergen blei tatt i Os, ein mann frå Os blei tatt i Bergen.
I førre veke blei to menn med tilknyting til Os dømt for narkotikalovbrot.
Éin av dei, ein mann i 30-åra frå Os, blei tatt i Bergen ein tysdag formiddag i desember i fjor. Han hadde 10 gram amfetamin og 26 gram hasj på seg.
Sikta samtykka til avgjerd ved tilståelsesdom. Han har tidlegare vore LAR-pasient, og har vore rusfri i fire år, før og etter den perioden i fjor då det glei ut oghan blei tatt med stoffet.
Retten fann ut at den perioden han er i no truleg er avgjerande for at han klarr å halda seg rusfri i framtida, og dømte mannen til 50 timar samfunnsstraff. Straffa må vera gjennomført innan 120 dagar, subsidiært blir det 36 dagar fengsel.
Amfetamin, hasj og køyring i rus
Ein mann i 40-åra frå Bergen blei i februar i fjor tatt med 6,23 gram amfetamin på ei adresse i Os. Tre veker seinare blei han tatt med 0,5 gram hasj og 1 gram marihuana på same adresse.
Saka i ferbuar var i samband med ransaking etter at han hadde blitt stoppa ein onsdagskveld då han køyrde bil i Fana i rusa tilstand.
I tillegg blei det tatt ut ny siktelse i år, for køyring i rusa tilstand i september i fjor, for bruk av hasj og for køyring utan førarkort.
Sikta fekk noko rabatt fordi han tilsto, og blei dømt til fengsel i 30 dagar, 10.000 kroner i bot og tap av førrarretten i 12 månadar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.