Stig Morten Bruarøy og Egil Thuen i duell i herrefinalen i 2011. (Foto: KVB)

MidtsidenCup 2013

Årets MidtsidenCup får innleiande rundar 21. og 23. oktober (oppdatert) og sluttspel laurdag 27. oktober. Her er klassane og reglane.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Oppdatert: Os Turn Fotball vurderte å kjøra innleiande rundar i årets gatecup for vaksne på ein søndag, men har no slått dette frå seg.

– Tanken var å få mange kampar på dagtid, men det viste seg å passa dårleg for mange, seier dagleg leiar i Os Turn, Hans Parnefält.

Sluttspel og finalar går som normalt på ein laurdag, altså 27. oktober.

Innleiande rundar går måndag og onsdag, og lagleiarar kan koma med ønske om speledag.

Påmeldingsfrist: Torsdag 17. oktober. Kampoppsettet blir publisert i løpet av helga 18. - 20. oktober.

Send påmelding til kjetil@midtsiden.no.

I starten treng vi berre namn på lagleiar, lag og kva klasse laget skal spela i. Spelarliste kan koma 14. oktober. Sjå reglar og meir info nedst i artikkelen.

Midtsiden samleside: MidtsidenCup
(med resultat og bildeseriar frå tidlegare år)

Klassar og reglar 

Arrangør Os Turn Fotball lagde i fjor eit skilje mellom amatør og elite, med opning for fleire aktive i eliteklassen.

Endringa fungerte fint, etter ei lita regeljustering, og står ved lag i år.

Os Turn er i dialog med leiinga i bedriftsserien, og det kan i tillegg koma ein rein bedriftsklasse. 

HER ER KLASSANE OG REGLANE 

Herrar elite: Du kan ha med maks 5 aktive. Spelarar som har vore på banen i 2 eller fleire kampar i 5. divisjon eller høgare tel som aktiv. Junior/gute- og veteranklassen (oldboys) tel IKKJE som aktiv. Har du med meir enn 2 aktive startar du kampen med mål imot, har du f. eks 5 aktive startar du kampen med 3 mål imot (1 mål per aktiv over 2 spelarar).

Herrar amatør: Du kan ha med maks 2 aktive, men her tel alle som har spelt serie i 2013 som aktive (også veteran og gutespelarar), og du får mål imot for kvar aktiv du har med. (Kampen startar med 0-1 eller 0-2 om du har 1 eller 2 aktive med).

Damer: Du kan ha med maks 5 aktive. Har du med meir enn 2 aktive startar du kampen med mål imot, har du f. eks 5 aktive startar du kampen med 3 mål imot/0-3 (1 mål per aktiv over 2 spelarar). Alle som har spelt seriefotball i 2012 tel som aktive.

Mixklassen: Du kan ha med maks 5 aktive. Har du med meir enn 2 aktive startar du kampen med mål imot, har du f. eks 5 aktive startar du kampen med 3 mål imot/0-3 (1 mål per aktiv over 2 spelarar). Alle som har spelt seriefotball i 2012 tel som aktive. (Regelen om at laget har minst 2 jenter på banen til ei kvar tid gjeld framleis).

PÅMELDING:

All påmelding skjer per epost til kjetil@midtsiden.no innan måndag 14. oktober, med liste over spelarar.

Men meld gjerne på laget før, utan spelarliste, men med klasse, namn på laget og kontaktinformasjon til lagleiar.

 

MidtsidenCup får i år 4 klassar:
1. Herrar elite
2. Herrar amatør
3. Damer
4. Mixklasse 
I tillegg kan det koma ein rein bedriftsklasse (herrar, amatør) 

ØVRIGE REGLAR:

• Aldergrense 16 år 
• 7 til 15 spelarar per lag. Uansett skadar eller anna fråvær kan berre påmeldte spelarar stilla for kvart lag. Pass på at du har mange nok til sluttspel!
• 2 x 12 min. omgangar
• Puljespel i innleiande rundar, 2-3 beste frå kvar pulje går vidare til sluttspel.
• Ved lik poengsum blir det først sett på målforskjell, så på innbyrdes oppgjer, evt myntkast.
• Alle sluttspelkampar inkludert finalar blir avgjorte på straffespark dersom det står likt ved full tid. Det er lov å byta keeper til ein evt. straffekonkurranse.

ÅRETS TITTELFORSVARARAR:
Herrer amatør: Ungdomskilden IL
Herrar elite: T Ullrich
Dameklassen: Fortsatt litt Gufs
Mixklassen: Målskred 

Midtsiden samleside: MidtsidenCup 
(med resultat og bildeseriar frå tidlegare år)

PRIS
Laget betalar samla 2500 kroner for påmelding, uavhengig av kor mange spelarar laget stiller med. Det er lov å ha med 12 spelarar til kvar kamp, men laget kan ha ein tropp på inntil 15 spelarar (i tilfelle alle ikkje har tid til å spela både innleiande og sluttspel, som går to ulike dagar).

Hugs å melda på mange nok!

Betal cupen til:
Os Turn fotballgruppa
Idrettsvegen 41
5200 Os
Kontonr: 3624.20.30022

Fleire saker