Mindre anleggstrafikk på Lyseklostervegen
E39: Gjennomslag i begge løpa i Skogafjellstunnelen gjer at anleggstrafikken no går gjennom tunnelen og ikkje om Lyseklostervegen.
Framdrifta på E39 Svegatjørn-Rådal er god. Etter at det vestre løpet fekk gjennomslag 22. februar, har entreprenørane jobba vidare med å få sprengd ferdig ut også det austre løpet (frå Os mot Bergen), noko dei blei ferdig med 30. mars. Som ein kuriositet stoppa samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) utanfor tunnelen ved Svegatjørn omlag samstundes på veg frå Oslo til Bergen uten å vita om at han var nær då det smalt for siste gong.
– Som vi har varsla tidlegare på Midtsiden er det no trafikk med anleggsbilar og material-leveranser via Skogafjellstunnelen til og frå byggeplassane til Statens Vegvesen i Endelausmarka, fortel kommunikasjonsrådgjevar Geir Brekke i Statens Vegvesen.
Stengjer anleggsvegen
Brekke fortel at det har vore utført ein del etterarbeid i det vestre løpet, både før og etter gjennomslaget den 22. februar.
– Med anleggstrafikk gjennom Skogafjellet er anleggsvegen mellom FV161 Lyseklostervegen og Endelausmarka no stengd for trafikk. Med det blir det også miindre anleggsbilar på Lyseklostervegen, seier Brekke.