Korona | 06. mai 2021

Minst éin elev smitta

Alle på 8. trinn får heimeskule fredag.

Minst éin elev smitta
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. mai 2021 21:36

Tidlegare i dag gjekk to klassar på 8. trinn og fem tilsette ved Os ungdomsskule ut i karantene grunna smitta lærar.

No har éin elev på 8. trinn fått påvist covid-19.

Medan kartlegging av nærkontaktar pågår, vil heile trinnet få heimeundervisning. Ingen elevar på 8. trinn skal møte på skulen i morgon, fredag, skriv rektor i ei tekstmelding til foreldre i kveld.

Dei tilsette ved skulen som blir rekna som nærkontaktar, er varsla.

Skulen har sendt ut SMS med informasjon til alle føresette på 8. trinn torsdag kveld, skriv kommunen på sine heimesider.

Føresette til elevar som er nærkontaktar til den smitta eleven, og som difor må gå i karantene/ventekarantene, får ei eiga melding om dette.
Helsepersonell frå kommunen vil ta kontakt i løpet av fredag for å gi meir informasjon og rettleiing til nærkontaktane og deira husstandsmedlemmer.

Det er ikkje mistanke om smittespreiing til andre trinn ved skulen. Alle øvrige elevar og tilsette skal difor møte på skulen som vanleg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.