Korona | 06. mai 2021

Lærar smitta - to klassar i karantene

Ikkje mistanke om spreiing til andre klassetrinn.

Lærar smitta - to klassar i karantene
Os ungdomsskule. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 06. mai 2021 08:23

Os ungdomsskule sender torsdag formiddag ut varsel til foreldre etter at ein lærar har fått påvist covid-19.

– To klassar på 8. trinn må som følgje av dette i karantene, skriv rektor Kjersti Wolden.

Os ungdomsskule har fem klassar per trinn. Det betyr at det framleis er 13 klassar igjen på skulen.

Skulen har rundt 60 tilsette. Det er uvisst kor mange kollegaer som må i karantene.

Vi har foreløpig ikkje informasjon om vedkomande som er smitta, for eksempel om vedkomande bur i Bjørnafjorden kommune eller ikkje.

Bjørnafjorden kommune opplyser at testen er tatt i ein annan kommune, og har ikkje samband med ungdomsfesten sist veke.

55 elevar i to 8. klassar og fem tilsette ved skulen er rekna som nærkontaktar.

Desse må testa seg snarast, og halde seg i karantene i 10 dagar. Husstandsmedlemmer av nærkontaktane må vere i ventekarantene til første negativ test ligg føre hos nærkontakten.

Os ungdomsskule har sendt heim elevane i dei to aktuelle 8. klassane, og gitt føresette beskjed via SMS.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.