Mista lappen grunna sladding
Ein bilførar på Hatvik blei blenda av laser, ein bilførar på Byvegen mista lappen.
Klokka 01.40 natt til laurdag fekk politiet melding om at ein bilførar hadde blitt blenda av laserstråle.
– Vi rykte ut til Hatvikvegen, der det skjedde, og møtte nokre unge gutar langs vegen, fortel politibetjent Ingunn Instebø.
Gutane fekk tilsnakk og Instebø fekk inntrykk av at dei angra på det dei hadde gjort.
Sladda frå seg førarkortet
Klokka 02.10 blei ein bilførar observert då han sladda i nærleiken av Os sentrum.
– Vi stoppa han på Byvegen, fortel Instebø.
Føraren, ein mann i midten av 20-åra, mista førarkortet på staden.
Brukarutstyr og feilparkering
I løpet av fredag kveld og natt til laurdag har politiet også fått melding om bjeffande hundar på ei adresse. Dei har også funne brukarutstyr på Halhjem.
– Vi fekk også melding om feilparkerte bilar i Stølsvegen. Nokre bilar sto parkert sånn at sikta blei dårleg og meldar var uroleg for at dette kunne skapa trafikkfarlege situasjonar.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.