Lokal | 03. juli 2019

Mistenker ulovleg perlejakt ved Knutabruo

– Det er i så fall ein lang veg til rikdom, seier politiet, som har funne spor, men ønskjer tips i saka om elvemuslingane som blei funne i skogen.

Mistenker ulovleg perlejakt ved Knutabruo
Elvemusling er utrydda fleire stadar. Bestanden i Noreg utgjer ein tredel av verdsbestanden, og elvemuslingen i Oselvo (bildet) er freda. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 03. juli 2019 08:16

Laurdag blei eit funn av «eit trillebårlass» med opna elvemusling publisert på Facebook.

Os kommune tok tak i saka, og fekk i går stadfesta av Statens Naturoppsyn at skjelene som var funne er elvemusling.

Teikn på perlejakt

Politiet var òg på staden i går. Dei meiner det ikkje ser ut som eit «uskyldig» måltid frå nokon som ikkje veit at at skjelene er freda.

– Det er snakk om over hundre muslingar. Maten i skjelene er ikkje spist eller tatt ut, fortel politioverbetjent Atle Birkeland.

– Skjelene er dessutan ikkje opna ved gapahuken nede ved elva, men i eit noko skjult område i skogen bak.

Både politiet og Statens Naturoppsyn meiner det ser ut som om dei som har tatt skjelene har vore på jakt etter perler.

Lang veg til rikdom

– Det er visst berre rundt 1 av 1000 muslingar som dannar perler, og berre 1 av 1000 perler som har verdi.

– Perlejakt er med andre ord ein lang og ulovleg veg til rikdom.

Verken han eller Statens Naturoppsyn har vore med på liknande.

Les òg:

• Nær utrydda i Europa grunna perlene (Forskning.no)

Norske vassdrag er avgjerande for at arten ikkje skal bli utrydda (NRK)

Har spor - ber om tips

Politiet har funne meir enn muslingar på staden.

– Vi har funne ein tøypose, som truleg har vore brukt til oppsamling av musling, og i denne fann vi ein plastpose.

I plastposen låg det nokre kvitteringar, noko som kan føra til at politiet får nokre namn å jobba med.

– Vi håper dei som har gjort dette melder seg, og vi håper dei som har sett noko som kan ha med sankinga av musling å gjera, anten det er folk eller parkerte bilar, å kontakta oss, seier Birkeland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.