Lokal | 11. juli 2020

Mistenkt for promillekøyring - filma av bilen bak

Mann i 30-åra stoppa av politiet.

Mistenkt for promillekøyring - filma av bilen bak
(Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 11. juli 2020 07:27

Fredag i 14-tida stoppa politiet ein bil i Os nord.

Bilførar, ein mann i 30-åra, blei tatt med til legevakt for blodprøve, mistenkt for å ha køyrd med promille.

– Det er tatt beslag i førarkortet, opplyser Vest politidistrikt på Twitter.

Vitne fortel til Midtsiden at dei reagerte på køyremønsteret forbi Amfisenteret, varsla politiet og følgde bilen til Søfteland og tilbake til Os, der politiet stoppa vedkomande.

Vitnet filma køyringa med dashbordkamera, og leverte opptaket til politiet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.